English version of this page

Insektsamlinga

I tillegg til insekta, reknast også følgjande grupper med i samlinga: Edderkoppdyr (Araneae), tusenbein (Diplopoda) og skolopenderar (Chilopoda).

Tjuvbiller

Insektsamlinga ved NHM er Noreg si største samling av insekt og omfattar kring 2,5 millionar insekt og andre landlevande leddyr. Samlinga representerer småkryp frå heile verda, men det meste er likevel norske insekt. Dei fleste objekta er tatt vare på og lagra på nål i kassar, men det finnast også mykje materiale konservert i alkohol. I tillegg har vi ein del preparat som er tillaga for å bli studert under mikroskop. 

Typesamlinga utgjer omtrent 1.500 artar, og omfattar artar frå alle kantar av verda. Når ein ny art vert skildra, vel ein ut eitt eller fleire individ til å representera denne arten for framtida. Dette blir gjort i tråd med eit internasjonalt regelverk, og museet sitt typemateriale er noko av det mest verdifulle vi har.

Søk i samlinga

Tilsatte tilknytta insektavdelinga: 

Publisert 19. jan. 2009 08:45 - Sist endret 7. des. 2022 09:35